Gå rett til innhold

Å læra punktskrift i vaksen alder — Nasjonal punktskriftkonferanse 2022

Både sjukdom og ulykker kan føra til synstap i vaksen alder. Kva moglegheiter har du som vil læra å lesa punktskrift som vaksen? Kom på Nasjonal punktskriftkonferanse og lær meir om temaet.

mann leser punktskrift i parken
Både sjukdom og ulykker kan føra til synstap i vaksen alder. Å læra å lesa punktskrift gir nye moglegheiter. Foto: Shutterstock.

På konferansen deltar representantar frå Norges Blindeforbund, Statped og vaksenopplæringa i Oslo og Trondheim. Vi får òg høyra personlege erfaringar med å læra seg punktskrift som vaksen.

Tid og stad

Tidspunkt: Onsdag 19. oktober kl. 12-17.30.

Stad: Nasjonalbibliotekets store auditorium, Henrik Ibsens gate 110, Oslo. Konferansen blir òg strøymd.

Påmelding

Meld deg på før 5. oktober på e-post oup@punktskriftutvalget.no. Skriv fullt namn, telefonnummer, e-postadresse og eventuelt staden du jobbar i e-posten. Skriv også om du deltar fysisk eller digitalt. Konferansen er gratis og lunsj inkludert.

Konferanseprogrammet blir lagt ut på nettsida til Offentleg utval for punktskrift.

Publisert: 07. juli, 2022, sist endret: 29. aug, 2022