Gå rett til innhold

Bli med på Sommarles 2021!

Sommarles startar 1. juni og er ein digital lesekampanje for barn i 1.-7. klasse. Målet er å lesa mest mogleg i løpet av sommaren. Sommarlesforteljinga får du både på lyd og i punktskrift.

Den magiske regnskogen. Asbjørn og Astrid på sommarles.no
Snart er det sommar og Sommarles igjen! Les så mykje du greier og vinn kule premiar.

Sommarles er ein lesekampanje for barn i 1.-7. klasse som varar frå 1. juni til 31. august. Alle barn kan bli med, og du vel sjølv om du vil lesa lydbøker, punktskrift eller bøker i visuell skrift for å samla poeng.

Sommarlesforteljinga på lyd og i punkt

"Den magiske regnskogen" er den nyskrivne sommarlesforteljinga som kjem ut med eit nytt kapittel kvar veke gjennom sommaren. NLB har laga forteljinga på lyd og i punktskrift. Lydforteljinga kan du lytta til på kampanjesida. Forteljinga i punktskrift kan reserverast hos NLB allereie no.

Registrer deg på kampanjesida

For å bli med på Sommarles må du registrera deg på sommarles.no når kampanjen startar 1. juni. Så les du så mange bøker du greier i dei 12 vekene kampanjen varar. På kampanjesida kan du registrera bøkene du les. samla poeng og få fine premiar.

Det er folkebiblioteka som står bak Sommarles. Vel ditt lokale bibliotek når du registrerer deg, så får du kodeord og premiar derifrå.

Blir du med på Sommarles 2021?

Jente og gutt i bil med hodetelefoner
På sommarles.no kan du lytta til "’Den magiske regnskogen" som kjem med nytt kapittel kvar veke i kampanjeperioden.

 

 

Publisert: 23. april, 2021, sist endret: 03. mai, 2021