Gå rett til innhold

Ein problemløysar i lydstudio

Eivind Haugen er leiar av lydproduksjonsteamet og har ansvaret for innlesingsstudioa i NLB. Saman med resten av teamet sørger han for at bøkene du lyttar til, har god lyd.

Eivind Haugen sitt ved arbeidspulten.
PROBLEMLØYSAR: Eivind er glad i å løyse problem – å finne utfordringar og gjere ting enklare og betre i studio. (Foto: NLB)

Eivind utdanna seg til lydteknikar med ein draum om å arbeide med musikk, men så fekk han i staden jobb med å produsere lydbøker i NLB.

– Eg tenkte først at det ville bli kjedeleg å jobbe med lydbøker, kor det berre er éin mikrofon og mono lyd. Men det har vore ei kontinuerleg utvikling, og det er alltid noko nytt: Eg har fått vere med heilt sidan vi spelte inn lyden analogt med bandspelar og distribuerte kassettar, fram til i dag kor vi har ein heildigital produksjon med masse automatisering. Utvikling og nye utfordringar motiverer meg i arbeidet.

Kva inneber jobben din i NLB?

– Eg er teamleiar for lydproduksjonsteamet og har ansvar for å koordinere oppgåver og sikre god informasjonsflyt med andre team og leiinga. Lydproduksjonsteamet har ansvar for den tekniske delen av lydbokproduksjonen, lydstudio, innspeling, lydmastering og kvalitetssikring av bøker. Teamet har lang og brei erfaring, og alle har jobba med lydbøker lenge.

– Mens innlesarane konsentrerer seg om det kunstnarlege ved innlesing, har vi ansvaret for lyden. Etter at boka er ferdig innlese, sjekkar vi at boka er innanfor gjeldande standard. Vi redigerer tekst og omarbeider lyd.

Kva jobbar du med for tida?

– Eg avslutta nyleg prosjektet Lydbok med tekst, der vi synkroniserte tekst og lyd i NLBs bøker. No skal vi i gong med å gjere det same for innkjøpte lydbøker. 

Kan du fortelje litt meir om lydbok med tekst?

– Lydbok med tekst gjer at du kan lytte og følgje teksten parallelt på skjerm. All den elektroniske teksten er synkronisert med lyd. Mens du les og lyttar, vil teksten bli utheva. Vi får òg med bilde, som er veldig fint, spesielt for barnebøker.

Kven har nytte av lydbok med tekst?

– Alle som har problem med å lese trykt tekst kan ha nytte av lydbok med tekst. Det gir fleire søkemoglegheiter fordi ein kan søke på ord i teksten, ikkje berre overskrifter. Det gir også lesaren høve til å veksle mellom å lese boka sjølv eller høyre på innlesinga. Det er nyttig i lesetrening for barn med dysleksi og andre lesevanskar. Barnebøker blir synkroniserte på setningsnivå, mens vaksenbøker blir synkroniserte på avsnitt.

– Eg laga første lydbok med tekst for 20 år sidan, men vi mangla gode nok grunnlagsfiler og måtte utvikle nye produksjonssystem. No har vi fått eit standardisert EPUB-format. Vi har òg vore med og utvikle Hindenburg, ei programvare for innspeling som er eit godt verktøy for lydbok med tekst. Det er først no vi kan klare å produsere alle lydbøker som lydbok med tekst.

Kva gjer arbeidet i NLB meiningsfylt for deg?

– Eg er glad i å løyse problem – å finne utfordringar og gjere ting enklare og betre. Eg synest òg at teknologi og kulturformidling er givande å drive med, spesielt for ei gruppe som elles kan ha vanskeleg for å delta.

Har du eit boktips du vil dele med lånarane våre?

– Eg kan anbefale Sveve over vatna av Ragnar Hovland. Dette var mitt første møte med Dr. Munk og Waglen. Ei utruleg morosam bok, med fleire tvilsame figurar.

Publisert: 24. juni, 2022, sist endret: 27. juni, 2022