NLB-tips til ein god boksommar
Vi ønskjer lånarane våre ein god sommar og minner om redusert opningstid på telefon, boktips og sommarens leseutfordring.

Reduserte opningstider på telefon i sommar
Planlegg kva du vil lese i ferien og lån bøker i god tid. Vi stengjer telefonen i to veker i sommar. Du kan framleis ta kontakt med oss på e-post. Her ser du opningstidene på telefon:
- Veke 28 og 29 (11. til 22. juli): stengt
- Veke 30 og 31 (25. juli til 5. august): kl. 10 til 12
Les deg Noreg rundt
NLB gir deg boktips gjennom heile sommaren. Sjekk nlb.no eller sosiale medium! I årets leseutfordring frå NLB kan du lese deg Noreg rundt og vinne eit par høyretelefonar.
Last ned og lytt kor som helst
Hugs å laste ned bøkene du vil lese. Då kan du lytte utan å vere på nett og slippe å stå utan lesestoff om det skulle oppstå feil. Slik lastar du ned lydbøker i Lydhør.
God sommar!
Helsing oss i NLB