Gå rett til innhold

Leseutfordring: les deg rundt verda i sommar

Får du ikkje reist til utlandet i sommar, du heller? Bli med på vår morosame leseutfordring og kom deg rundt i verda gjennom bøkene. God reise!

 

Verdenskart med alle verdensdeler og den fiktive Andre verdener
Alle verdsdelane og den fiktive «Andre verder» er med i leseutfordringa. Foto: Shutterstock

Vi utfordrar deg til å lesa ei bok frå kvar av dei sju verdsdelane i sommar. Sju, sa du? Ja, vi er så rause at vi tar med Andre verder òg, for dei av dykk som elskar fantasy og science fiction.

  • Europa
  • Midtausten
  • Afrika
  • Asia
  • Oseania
  • Amerika
  • Andre verder (fantasy/science fiction)

Første leseutfordring: Europa

Du vel sjølv kvar du byrjar, men vi anbefaler Europa. Trykk på Europa i lista over for å få bokforslag. Vi fyller på med forslag til andre verdsdelar utover sommaren.

God tur!

Last ned PDF av verdskart og skriv inn med penn bøkene du har lese:

Dokumenter