NLB slår seg saman med Nasjonalbiblioteket
- Vi er glade for at Kultur- og likestillingsdepartementet no gjer NLB til ein del av Nasjonalbiblioteket, seier direktør i NLB, Øyvind Engh.

NLB og Nasjonalbiblioteket har sidan 2005 vore samlokaliserte på Solli plass i Oslo, og har i fleire år hatt eit utstrekt administrativt samarbeid. NLB tok sjølv initiativ til samanslåinga, og Kultur- og likestillingsdepartementet har slutta seg til forslaget.
Samanslåinga skal etter planen skje 1. juli i år.
– Kontinuerleg utvikling er nødvendig for å kunne gje eit tilbod som er tilpassa behova til målgruppa, og som er i takt med samfunnet. Det er lettare å sikre dette som del av ein større og sterkare organisasjon, seier Øyvind Engh.
Nasjonalbiblioteket har ansvar for utviklinga av bibliotektilbodet til folk i Noreg. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre understreker at dette ansvaret óg skal inkludere dei som har behov for tilrettelagd litteratur.
Samanslåinga inneber ikkje noko endring for NLB, verken når det gjeld innhaldet i samfunnsoppdraget eller talet på tilsette.
– Målgruppa får det same, gode tilbodet også etter 1. juli. Både lydbøker, e-bøker og punktskrifttilbodet består. Målet er at vi skal styrke oss samtidig som vi bidrar til at Nasjonalbiblioteket blir eit tilbod som inkluderer alle i Noreg, seier Engh.
Sjå pressemelding frå Kultur- og likestillingsdepartementet
