Gå rett til innhold

Nye tidsskrift i punktskrift

No kan du abonnere på tidsskrifta Samtiden og Psykisk helse i punktskrift. Hugs at vi også har månadlege punktklubbar til barn og vaksne som ønsker å øve på å lese punktskrift.

Samtiden og Psykisk helse
Sjekk ut tidsskrifta Samtiden og Psykisk helse. Begge er med i vår abonnementsordning, og du kan velje mellom punktskrift og talesyntese.

Samtiden

«Samtiden» er Noregs største allmennkulturelle tidsskrift. Kvart nummer tar for seg eit aktuelt tema med artiklar som går i djupna. Frå 2023 er Kulturplot innlemma i «Samtiden», og tidsskriftet utvidar til seks utgåver i året.

Psykisk helse

Magasinet «Psykisk helse» inneheld artiklar om ulike tema knytt til psykisk helse, tips til sjølvhjelp og oppdatert forsking på området. Bladet passar for brukarar av psykiske helsetenester, pårørande og allment interesserte. Fem utgåver i året.

Månadlege punktklubbar

Vi minner om våre månadlege leseklubbar. Til vaksne har vi klubbar med noveller, dikt og matoppskrifter, medan klubbane til barn er ordna klassevis og dekker heile barneskolen.

Ønsker du å abonnere på tidsskrift eller klubbar i punkt? Send ein e-post til utlaan@nlb.no.

Publisert: 27. jan, 2023, sist endret: 07. febr, 2023