Gå rett til innhold

Sommarles startar 1. juni

Alle barn på barneskulen kan bli med på Sommarles. Målet er å lesa mest mogleg i juni, juli og august. NLB-lånarar kan lesa lydbøker og punktskrift.

Eit nytt kapittel av sommarlesforteljinga kjem på sommarles.no kvar veke frå juni. Høyr ein smakebit her:

Høyr smakebiten på YouTube.

Dansevideo på YouTube

I år gjer NLB litt meir ut av Sommarles. For å få med fleire barn i vår målgruppe har vi laga ein morosam danse-video som ligg på YouTube. Kanskje de skal prøva å dansa litt heime?

Videoen er laga i samarbeid med NLB-innlesar, skodespelar og dansar Håkon Sigernes. Håkon har òg stemma til sommarlesforteljinga.

Kva må du gjera for å delta?

  • Gå til sommarles.no og meld på barnet. Vel det lokale biblioteket for premiar. Registrer bøkene etter kvart som dei blir lesne.
  • Hjelp barnet å låna bøker frå NLB. Barn som les lydbok eller punktskrift, får like mange poeng som alle andre barn.

Til punktskriftlesarar

Sommarlesforteljinga blir sendt ut til alle medlemar av punktklubbane for barn tidleg i juni. Boka kan òg bestillast frå oss frå 15. mai. Boknummeret 183324.

Publisert: 29. april, 2022, sist endret: 20. mai, 2022