Tips til Lydhør: Bøker anbefalt for deg
Visste du at du kan finne bøker spesielt anbefalt for deg i Lydhør? Anbefalingane oppdaterast kvar veke og er basert på kva bøker du har lånt tidlegare.
I Lydhør finn du ein eigen kategori med anbefalte bøker for deg. Her vil du finne mange bøker som liknar på det du har lese tidlegare, men også litt andre boktips som kanskje kan gi deg ei positiv leseoppleving.

Slik finn du anbefalte bøker:
- Opne hovudmenyen ≡ øvst i venstre hjørne
- Vel <Kategorier>
- Vel <Anbefalt for deg>