Gå rett til innhold

Tips til Maneno: Finn ei god bok å lese

I Maneno-appen har barna tilgang til tusenvis av barnebøker som lydbok eller e-bok. Med så mange bøker å velje mellom er det ikkje alltid så lett å bestemme seg for si neste bok. Her er nokre tips til korleis du finn gode bøker å lese.

Gutt med Maneno på ipad
Barna får mange gode boktips i Maneno-appen. (Foto: Shutterstock/NLB)

Nye temasaker

Kvar veke deler bibliotekarane våre spanande boktips i Maneno. Temaa vekslar frå gong til gong, så her er det noko for alle. Temasakene finn du nedst på velkomstsida i appen.

Kategoriar du vel sjølv

Vel ein kategori du liker. I biblioteket kan du finjustere søket ditt ved å velje kategoriar du interesserer deg for.

  1. Trykk på Filter nedst på skjermen.
  2. Trykk Kategoriar.
  3. Vel éin eller fleire kategoriar.
  4. Trykk Sjå bøker for å sjå på utvalet ditt. 

Populære søkeord

Er du nysgjerrig på kva bøker andre lånarar søker etter og les? Du kan sjå dei mest populære titlane i appen. Kanskje finn du nokre du også vil låne?

  1. Gå til biblioteket.
  2. Trykk på søke-ikonet øvst til høgre.
  3. Du finn søkeorda under det tomme søkefeltet. Forslaga forsvinn når du begynner å skrive i feltet.
  4. Trykk på søkeordet du har valt. Da får du opp forslag som passar søkeordet.