Gå rett til innhold

Vilkår for innmelding

Kven har lånerett

Alle som har vanskar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsetting eller sjukdom, kan melde seg inn i NLB.

Årsaker kan til dømes vere:

  • svekt syn som ikkje lèt seg korrigere med briller
  • dysleksi og andre lesevanskar
  • ADHD
  • fysisk funksjonsnedsetting som gjer det vanskeleg å lese ei bok (til dømes CP, ME og Parkinson)
  • kognitive utfordringar og/eller språkvanskar på grunn av sjukdom eller skade

Tilbodet gjeld ikkje for minoritetsspråklege, med mindre du har ein lesevanske som skildra over.

Mellombels lånerett

Du kan søkje om mellombels lånerett viss du har ein sjukdom eller ein skade som gjer at du har behov for lydbøker i ein avgrensa periode.

Vi kan be om dokumentasjon

NLB vil kunne be om at du dokumenterer lesevanskane dine dersom det er usikkerheit om vilkåra er oppfylte. Vi tar også stikkprøver.

Viss vi ber om dokumentasjon, send oss attest frå ein relevant fagperson, til dømes:

  • lærar
  • PPT-tilsett
  • lege
  • sjukepleiar
  • ergoterapeut
  • optikar
  • synskontakt

Studentar som søkjer om produksjonsrett

Studentar med synshemming som søkjer om produksjonsrett, må leggje ved dokumentasjon frå augelege eller synspedagog. Sjå kriterium her.

Barn og unge

Barn og ungdom under 18 år må ha samtykkje frå foreldre eller føresette ved innmelding.

 

Vilkåra over er laga med utgangspunkt i åndsverklova §§ 55 og 56. Lova opnar for at NLB kan lage lydbøker til personar med funksjonsnedsettingar utan å innhente samtykkje frå rettshavaren.