Gå rett til innhold

Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar

Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar

Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar

Bjørn Sortland

Serie: Lesehesten

Utgitt:
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, 2004
Lengde:
1 t. 06 min.
Sjanger:
Humoristisk
Passer for:
Barn
Språk:
Nynorsk
Innleser:
Hallvard Lydvo
Boknummer:
610192
Flaks i spel, uflaks i kjærleik, er årsaka til at mamma, Fredrik, Arve og tante Torunn dreg på ferie. Far har nemleg flytta frå dei, og mor vinn 58000 i tipping! Ved hjelp av fars attgløymde dartpil og eit verdskart, fell valet på Aqaba, eit ganske eksotisk reisemål for dei som berre har vore i Danmark før. Med nybleika hår blir mor kapra av ein arabisk prins, han vil gjerne gifte seg med henne i bytte mot ti kamelar! Parallelt med denne ytre handlinga fortel storebror Fredrik til Arve kva ein må gjere for å få tjangs på jentene. Det er ikkje enkelt, spesielt ikkje for ein einsam gut som mest av alt føler seg usynleg. Dette er ei forteljing som spelar på fleire strenger, humor, latter, vemod og det underfundige.