Gå rett til innhold
Utgitt:
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, 2014
Lengde:
14 t. 59 min.
Sjanger:
Fantasy, Spenning
Språk:
Nynorsk
Innleser:
Ane Barmen
Boknummer:
621467
Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Smalvik er igjen truga, og difor må Den utvalde reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Leo må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umogleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennane sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik. Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekatter. Men først må dei få fatt i "Dødeboka", protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skrifta. Men kven er ho? Kan etterforskar Magne Jerstad avsløre henne? Kan Leo klare det umoglege oppdraget i riket under isbreen? Og kan dei finne Dødeboka i tide?