Gå rett til innhold

Tida er ei mor - dikt

Tida er ei mor - dikt
Utgitt:
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, 2023
Lengde:
1 t. 54 min. / 4 hefter (216 s.)
Sjanger:
Dikt
Passer for:
Voksne
Språk:
Bokmål
Innleser:
Anderz Eide
Oversetter:
Mathias R. Samuelsen
Boknummer:
185364, 385364, 685364
I Tida er ei mor leiter Ocean Vuong etter trøyst i det som er att etter mora døydde. Ein omsorgsperson han hadde ein kjærleg, men komplisert relasjon til. Nedtyngd i ein sorgprosess utforskar Vuong det som har vore sentrale motiv sidan debuten hans: Det ein familie har å seie, og kostnaden av å vekse opp i Amerika som eit resultat av ein imperialistisk amerikansk krig. Men denne gongen går han òg enda tettare på det engelske språket, det han aldri fekk velje sjølv. Også denne relasjonen er komplisert og har sin pris.