Gå rett til innhold

Pappa var nesten på Woodstock

Pappa var nesten på Woodstock
Utgitt:
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek : Gyldendal lyd, 2021
Lengde:
8 t. 13 min. / 11 hefter (700 s.)
Sjanger:
Oppvekst
Passer for:
Voksne
Språk:
Bokmål
Innleser:
Ane Barmen, Endre Hellestveit
Boknummer:
181973, 381973, 681973
"Pappa var nesten på Woodstock" handlar om Theis, ein tidvis alkoholisert far, og dottera Ruby. Dei har ikkje hatt kontakt på fleire år. Ruby har ikkje behov for å ha noko å gjere med far sin. Akkurat no har ho dessutan meir enn nok anna å tenkje på. Ho og sambuaren har lenge forsøkt å få barn, og dei får det ikkje til. Men Theis bur åleine, og no må den gamle hunden hans, Snuppa, avlivast. Og då har ikkje Theis nokon andre enn Ruby att. Kan Ruby møte far sin utan at minne frå fortida vil øydeleggje alt? Romanen kretsar rundt tema som skam, tilgjeving, forventningane vi har til oss sjølve og andre – og korleis vi vert prega av oppveksten vår. Omtalen er utarbeidd av BS.

Anbefalt av NLB

Ei sår og morosam forteljing om Theis og dottera Ruby, om alkoholisme, brotne familieband og ufrivillig barnløyse.

Anbefalt av Jorunn A. Wold