Gå rett til innhold
Utgitt:
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, 2023
Lengde:
6 t. 24 min. / 10 hefter (650 s.)
Sjanger:
Samfunn
Passer for:
Voksne
Språk:
Nynorsk
Innleser:
Ane Barmen
Boknummer:
185182, 385182, 685182
På eit psykiatrisk sjukehus kjempar både tilsette og pasientar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den tidlegare skodespelaren Katharina skiftar namn og set opp teater i tv-stua. Sjølv er miljøterapeuten T på randa etter søvnlause netter. Frå vindauget på avdelinga ser ho over til staden der krigsskipet Tirpitz blei bomba, og som farfar hennar var med på å hogge opp etter krigen. No ligg han for døden og all direkte kunnskap om det som skjedde, er i ferd med å forsvinne. Og då ein ny pasient, som påstår at han er Noregs første astronaut, blir tvangsinnlagt, gir ho seg over til han - til det einaste mennesket som ser henne for den ho verkeleg er.