Gå rett til innhold

Verdas punktskriftdag

Visste du at punktskrifta har sin eigen offisielle verdsdag? Verdas punktskriftdag er lagt til fødselsdagen til Louis Braille, 4. januar.

Punktskriftas «far»

Louis Braille vart blind etter ei ulykke i smia til faren då han var rundt tre år gammal. Han var heldig og fekk gå på blindeskule, og berre 16 år gammal fann han opp punktskrifta i 1825. Punktskrift er opphøgde punkt som blir lesne med fingrane. Kvart teikn består av ei celle med seks punkt, noko som gir 64 ulike kombinasjonar av punkt i kvar celle. Punktskrift blir lesen av blinde over heile verda.

Lær meir i desse bøkene om punktskrift og om Louis Braille!