Gå rett til innhold
Utgitt:
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, 2022
Lengde:
3 t. 17 min.
Sjanger:
Lettlest
Språk:
Nynorsk
Innleser:
Lars Henrik Aarnes
Boknummer:
383160, 683160
Her er det åtte noveller som følgjer seks elevar gjennom eit halvt år. Elevane går i same klasse og bur på ein tettstad. Alle står på terskelen til ungdomstida. Alle har draumar om noko nytt og betre. Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøstera si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønskjer å finne ein stad der han kan vere i fred frå Adrian, plageånda i klassen. Sjølv vil Adrian berre vere langt unna far sin. Tonje stammar og tør ikkje seie noko i timen. Tobias kjem flyttande frå byen fordi far hans meiner det kan gi familien ein ny start. Tobias blir naboen til Kaja, som alltid får hovudrollene i klassen sine teaterstykke, bortsett frå dette året. Dette er året då alt blei snudd opp ned. Novellene blir vovne saman til ei samanhengande historie, der alle får sjansen til å bli høyrde. Omtalen er utarbeidd av BS.