- Utgitt:
- Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek
- Passer for:
- Voksne
- Språk:
- Nynorsk
- Innleser:
- Hallvard Lydvo
- Boknummer:
- 609327
Fisk er mat, og mat er rikdom. Denne erkjenninga har knytt menneske og fisk saman i eit evigvarande fellesskap. Fisken i elvar, innsjøar og hav har forma samfunnet vårt og livet me lever. "Blå rikdom" er ei populærvitskapleg reiseskildring der me møter menneske som har det til felles at dei på eitt eller anna vis har eit nært forhold til fisk. Mellom dei er indianarar i USA som dansar for å lovprise fisken og karaokesyngande trålfiskarar i Vietnam. Me møter ein tørrfiskvrakar i Lofoten og bordar russiske trålarar på sildefiske utanfor Møre. Me røykjer fisk saman med fiskarkvinnene i Ghana, og fylgjer fiskaren som jaktar papegøyefisk med spyd på stillehavsøya Aitutaki.
-
Flere handlinger
- Finn bøker
- Meld deg inn
- Hjelp - kategorier