Gå rett til innhold

Flukta til Finnmark - 1800-talet

Flukta til Finnmark - 1800-talet
Utgitt:
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, 2022
Lengde:
2 t. 57 min. / 3 hefter (200 s.)
Passer for:
Voksne
Språk:
Nynorsk
Innleser:
Siri Broch Johansen
Boknummer:
183817, 383817, 683817
I siste halvdel av 1800-talet var det fleire uår i Finland, og mange menneske måtte flykte over grensa til Noreg. Dei busette seg hovudsakeleg i Troms og Finnmark. Forfattaren sin tippoldefar, Isak Martimo Gaski, vart sett bort til ein samisk familie i Tana-området da han var åtte år gamal. Etter at mor til vesle Isak døydde, vart faren tvinga til å gi bort ungane til ulike familiar i Noreg. Isak vaks opp i ein kultur som var heilt ukjend for han. Nettopp skjebnen til dei finske barna og ungdommane som vart rivne opp med rota, er noko forfattaren tar for seg i boka. Korleis gjekk det med dei? Boka handlar også om korleis masseinnvandringa påverka moderlandet Finnmark og politikken i Noreg. Masseinnvandringa var mellom anna starten på fornorskingslinja i norsk politikk. I Samlaget sin serie KRISETID tek nokre av våre fremste fagfolk for seg ulike historiske kriser i verda. Omtalen er utarbeidd av BS.